Statistikk frå Storbritannia har fortald at av ca 500.000 kvinner utdanna innan teknologi/realfag, er berre 150.00 i relevant arbeid. Norsk statistikk fortel at det står like ille til her i landet.
Statistikk frå SSB viser at av dei 486.000 av arbeidsstyrken i dag som har teknisk/realfagleg utdanning, er det 245.000 som ikkje jobbar i relevante yrke. Største bortfallet er det blant kvinnene, der berre 1/3 er i relevant jobb. Dette er tydelegast for dei som har kortast utdanning: for kvinner med treårig teknologisk yrkesutdanning er bortfallet 80%.
Teknologibransjen skil seg tydeleg frå sjukepleiarane, som vi har vald å samanlikna med.
I
rapporten drøftar vi moglege grunnar til tilstanden, og skisserer vegar ut av uføret.